Rasmus rebellen by Øystein Orten


Rasmus rebellen
Title : Rasmus rebellen
Author :
Rating :
ISBN : -
ISBN-10 : 9788252183382
Language : Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian
Format Type : Hardcover
Number of Pages : 302
Publication : First published January 1, 2013

Det er 1650. Folket i Noreg vert meir og meir tynt av aukande skattar, hardhendt lovpraksis og korrupte futar. På Sunnmøre og i Romsdal manar bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust (1588–1666) folket til kamp mot overmakta.

Rasmus Rebellen er ei mektig og særprega historie om Engelbrektsson Bust, som er ein forfader av forfattaren sjølv. Forteljinga er lagd i munnen på fostersonen Aslak, som fortel med eit rikt språk og med stor innleving. Vi får oppleve 1600-talet og kampen småkårsfolket måtte kjempe mot naturen og den politiske overmakta, på nært hald. Denne storslåtte romanen vil ikkje berre appellere til dei som vil lese eit litterært portrett av ein spennande historisk skikkelse, men også til alle som er interesserte i historie.


Rasmus rebellen Reviews


  • Torill Revheim

    “Rasmus Rebellen” får gode kritikkar. Boka handlar om bondeføraren Rasmus Engelbrektsson Bust som manar folket til kamp mot overmakta på 1600-talet. Bust er ein forfader av forfattaren sjølv.
    Mi meining: Trass i poetisk språk og historisk presisjon, manglar Rasmus Rebellen dei store spenningsmomenta.

  • Knut Sigurd

    Historia var bra nok, men eg likte ikkje prosaen noko større. Ser ikkje vitsen med du-forma og blir litt forstyrra av at forteljaren alt før 1700 måler avstandar i meter. Eg las boka for å bli klokare på Noreg rundt midten av 1600-talet,men kan knapt seie det hjelpte.