Den bortkomne by Øystein Orten


Den bortkomne
Title : Den bortkomne
Author :
Rating :
ISBN : 8234010581
ISBN-10 : 9788234010583
Language : Norwegian Nynorsk; Nynorsk, Norwegian
Format Type : Hardcover
Number of Pages : 152
Publication : Published January 1, 2023

Ein lærar vender uventa tilbake til heimbygda, og gamle venner og naboar byrjar å stusse: Kva gjer den dedikerte undervisaren heime no, midt i skuleåret? Og kvifor har den elles så opne og omgjengelege karen slått av ljosa og trekt for gardinene?

Permisjon, er svaret hans. Han har teke seg ein aldri så liten ferie.

Mens læraren vandrar kvilelaust rundt på golva i barndomsheimen og stadig vender tilbake til eiga fortid for å forstå situasjonen han er i, grev Nemnda seg djupare og djupare ned i livet hans. Kva har han eigentleg sagt i klasserommet? Korleis har han kommunisert med elevane? Og ikkje minst: Kva skjedde mellom han og 16-åringen Embla på det grupperommet?

Den bortkomne er ein klaustrofobisk og fleirtydig roman om minne, skuldingar og lærarens utsette rolle.


Den bortkomne Reviews


  • Merete Bratsberg Aae

    Roman frå 2023. Boka problematiserer korleis det er å vere lærar i vidaregåande skule og korleis maktforhold mellom elev og lærar kan vere. Det er heile vegen uklart kva som eigentlig har skjedd. Ein godt vaksen lærar blir anklaga for å ha fornærma ei jente, som er elev, på eit grupperom. Dei var ueinige i klasserommet, og det var ein samtale etterpå. Ryktene går, skjøner vi. Vi les hans versjon av historia, men han er knapp. Vi veit lenge ikkje om han er uskuldig eller kva han er uskuldig eller skuldig i. Han rømmer Mjøsbyen og drar til Sunnmøre til barndomsheimen. Så har han telefonkontakt med ein kollega, som fortel ryktene som går, med rektor, som prøvar å roe ned situasjonen, men gjer det verre og med nemda som etterforskar saka.
    Eg veit ikkje kva eg skal tru. Ein elev har stor makt i ein situasjon som denne, kanskje særleg sidan det er ei jente. Snakkar ho sant? Ho verkar å vere ei som har mykje protest og trass i seg. Læraren er kjend for å vere konservativ. Han provoserer elevane når dei diskuterer i norsk- og historietimane.
    I tilbakeblikka får vi historia til læraren. Han blei far og enkemann tidleg, mer vil eg ikkje røpe. Det er eit samansett bilde, av eit menneske på godt og vondt. Sårbar posisjon har han, og han verkar oppgitt.
    Eg likar måten Øystein Orten skildrar saka så vi heile tida må tenke, for det er ikkje så lett å plassere skuld på den eine eller den andre.